01 / Strategi
Prioriter det som gir verdi
Bruk eit utprøvd rammeverk for KI-strategi. Vel tre kjerneprosessar og vurder kostnad, nytte, gjennomføring og risiko før du set i gang.
For leiarar og nøkkelpersonar i Ryfylke
Frå KI-ambisjon til konkret handling
med Lars Rinnan og Synneva Erland
Kva skal di verksemd bruke KI til – og korleis får de verdi ut av det? Fire workshopar gir deg eit konkret veikart for strategi, innovasjon og leiing i KI-tida. Mellom workshopane arbeider du vidare med ditt eige KI+MI Veikart™ og KI-strategien for verksemda di.
14 990 kr + mva per deltakar · 6 990 kr + mva for ekstra deltakar frå same bedrift
KI med forretningsforståing
KI-ekspert, futurist og gründar
Lars Rinnan har starta seks selskap innan business analytics og kunstig intelligens, og har lang erfaring med å omsetje data og teknologi til innsikt og forretningsverdi.
I programmet går me frå kva KI gjer mogleg, til kva som er relevant for di verksemd: Kva bør de prioritere? Kva gevinstar kan de arbeide mot? Og korleis kjem de i gang?
I programmet leier han workshop 1 og 3. Her arbeider du med KI-strategi, gevinstar og risiko, og med korleis KI kan takast i bruk i arbeidskvardagen.
Du arbeider med eigne utfordringar og byggjer vidare på veikartet gjennom heile programmet.
«Lars leverte til de grader og skapte høyt engasjement og gode diskusjoner.»
Dette programmet passar for deg som
Dette får du med deg
KI gir nye moglegheiter. For å velje gode tiltak treng du eit tydeleg mål, ei vurdering av gevinst og risiko, og menneske som kan gjennomføre endringane.
01 / Strategi
Bruk eit utprøvd rammeverk for KI-strategi. Vel tre kjerneprosessar og vurder kostnad, nytte, gjennomføring og risiko før du set i gang.
02 / Kultur og innovasjon
Utfordre etablerte sanningar, vurder fleire perspektiv og kartlegg kulturen. Definer tre tiltak for betre avgjerder, meir innovasjon og auka dristigheit.
03 / Praksis
Utforsk KI-verktøy og korleis ulike gevinstar blir realiserte. Definer tre tiltak for individuell effektivisering og ein konkret ambisjon for datadriven innovasjon.
04 / Menneske og organisasjon
Kartlegg menneskelege ferdigheiter og fordel oppgåver mellom menneske og KI. Skisser framtidig organisering, korleis endringane skal innførast og kven som har ansvar.
Desember 2026 – april 2027
Faglege innleiingar, refleksjon og praktisk arbeid med eiga verksemd. Opne kvar modul for å sjå kva du lærer, korleis me arbeider og kva du legg inn i veikartet.
Kva ønskjer du å oppnå med KI, og korleis skal det støtte strategien til verksemda? Me startar med mål og gevinstar før me vel verktøy. Du arbeider med eit utprøvd, eigenutvikla rammeverk for KI-strategi.
Korleis byggjer de ein kultur der folk tør å tenkje nytt, utfordre det etablerte og ta gode avgjerder når tempoet er høgt og svara ikkje er opplagde? Me arbeider med det som fremjar og hemmar innovasjon, gode avgjerder og dristigheit. Du blir også utfordra på di eiga rolle i kulturbygginga, som er ein føresetnad for å realisere KI-strategien frå modul 1.
Me ser på ulike nivå av effekt frå KI, typar gevinst og korleis gevinstane blir realiserte. Du blir kjend med fleire KI-verktøy som du kan ta i bruk dagen etter workshopen.
Kva menneskelege eigenskapar blir viktigare i KI-tidsalderen, og kvar har maskinene eit fortrinn? Me kartlegg ferdigheitene framtidas arbeidsliv krev og øver på nokre av dei. Me ser også på gevinstane frå modul 3 og kva dei betyr for organisering og leiing framover. Korleis kan KI bidra til eit meir humant arbeidsliv?
Etter fire modular har du bygd ditt eige KI+MI Veikart™: prioriterte prosessar og vurderingar av gevinst og risiko, tiltak for kultur og innovasjon, praktisk bruk av KI og ein plan for ferdigheiter, organisering og ansvar.
Arbeidet held fram mellom workshopane. Du utviklar veikartet og KI-strategien din steg for steg, med utgangspunkt i eiga verksemd og oppgåvene frå kvar modul.
Menneske og organisering
Leiarutviklar, kommunikasjonsrådgivar og foredragshaldar
Synneva har over 15 års erfaring med utvikling av leiarar, team og organisasjonar, og har levert tenester til kundar som Microsoft, Equinor og Aker BP. Ho har bakgrunn frå leiing, executive search og rådgiving i store fusjons- og omstillingsprosessar.
I programmet leier ho workshop 2 og 4. Her arbeider du med kultur, innovasjon, menneskelege ferdigheiter og korleis få organisasjonen med på endring.
Ho kombinerer fagleg tyngd med varm, tydeleg og engasjerande formidling. Gjennom konkrete døme og praktiske oppgåver utforskar de korleis menneske og KI kan utfylle kvarandre – og kva det krev av organisasjonen.
«En av de aller beste foredragsholderne jeg har sett»
Uttalar frå tidlegare oppdrag
Utdrag frå offentlege referansar om tidlegare foredrag og oppdrag.
«Det ble bare en enormt stor suksess!»
Kristine Moe SirnesInnovation Lab Norway · om Lars Rinnan
«Inspirerende og karismatisk foredragsholder med sterkt engasjement og relevante tema.»
Maren Gilje SekseLyse AS · om Synneva Erland
«Både innhold og fremføring var ypperlig»
Espen Odland BairdDeloitte · om Synneva Erland
Alle workshopane på Vigahavn i Hjelmeland
Alle fire workshopane har same tidsramme og inkluderer lunsj. Detaljert dagsprogram kjem når det er klart.
| Frå 09.30 | Registrering og kaffi |
|---|---|
| 10.00 | Workshopen startar |
| Undervegs | Lunsj |
| 15.00 | Workshopen sluttar |
Pris for alle fire workshopane
Ta gjerne med ein kollega. Når de er to frå same verksemd, kan de drøfte eigne utfordringar, utvikle veikartet saman og støtte kvarandre i arbeidet mellom workshopane.
Ein ekstra deltakar frå same bedrift kostar 6 990 kr + mva.
14 990 kr + mva
For éin deltakar på alle fire workshopane.
Meld deg på programmetPåmelding til alle fire workshopane
Felt merkte med * må fyllast ut.
Du får ei stadfesting på e-post. Me tek kontakt med praktisk informasjon før første workshop 3. desember.
Lastar ned ei kalenderfil med alle fire workshopane, kl. 10.00–15.00 på Vigahavn. Opne fila for å leggje dei inn i Outlook, Google, Apple eller ein annan kalender.
3. desember 2026, 21. januar 2027, 25. februar 2027 og 8. april 2027. Alle dagar kl. 10.00–15.00, med registrering og kaffi frå 09.30.
Mellom workshopane skal du arbeide vidare med ditt eige KI+MI Veikart™ og KI-strategien for verksemda di. Du tek arbeidet med tilbake til verksemda, drøftar prioriteringar med kollegaer og prøver ut tiltak frå modulane. Erfaringane tek du med til neste workshop og inn i det vidare arbeidet med veikartet.